Utdeling av gåver for lang og tru teneste

Publisert 09.06.2020

Dei to tilsette med lengst fartstid i A. Våge AS fekk i mai utdelt gåver for innsatsen dei har lagt ned i selskapet.

Tysdag 26. mai fekk Ann Britt Våge Fannemel og Runar Olsen overrekt gåver frå dagleg leiar Askjell Våge for lang og tru teneste i A. Våge AS.

Ann Britt fekk overrekt eit gåvekort frå ein lokal gullsmed, medan Runar som seg hør og bør fekk utdelt ei gullklokke. Det går rykter om at samtlege tilsette og tilfeldige forbipasserande i Furene fekk opplyst kva klokka var denne dagen :)

Vi takkar begge to for arbeidet dei har lagt ned for selskapet, og håper vi har dei i drift i mange år framover. Gratulerer!

Nyhende

Publisert 12.12.2018
Publisert 12.12.2018
Publisert 28.01.2019

Siste frå Facebook


Siste frå Instagram