Godt i gang i Skipavika

Publisert 03.04.2019

Tre kaier under oppføring

Årets store prosjekt er kai 7, 8 og 9 vi bygg for Skipavika Næringspark AS. Dette er ein kjent arbeidsgivar for oss og som numereringa av kaiene viser er det ikkje første gangen vi er der.

På bildet ser vi brakkeriggen vi har laga til. Her bur dei ca. 10 arbeidarane som jobbar på prosjektet. Vi har også laga til eigen "skybar" med opphaldsbrakke på toppen der arbeidarane kan spele kort, sjå TV og vere sosiale etter arbeidstida. Eit svært populært tilbod!

Prosjektet i Skipavika skal etter planen avsluttast i haust.

Nyhende

Publisert 12.12.2018
Publisert 12.12.2018
Publisert 28.01.2019

Siste frå Facebook


Siste frå Instagram